Skjermbilde 2015-03-16 kl. 16.21.23Sigvald Tveit, fødd i Treungen i Telemark i 1945 og oppvaksen i Kristiansand, er ein allsidig og svært produktiv komponist. Størstedelen av dei over 2000 TONO-registrerte arrangementa og komposisjonane hans er innafor det populær- og bruksmusikalske feltet, men først og fremst er stilbreidd kjennemerket hans. Sigvald Tveits namn er like mykje knytta til større kyrkjemusikalske drama som “Det gode landet” og “Herr Petters Lovsang” som til enkle barnemelodiar frå fjernsynssuksessar som “Portveien 2” og “Sesam Stasjon”. Han har i mange år arbeidd som arrangør og komponist for NRK og diverse plateselskap, og har i den samanhengen hatt ansvaret for eit hundretals fonogramutgjevingar og for fleire hundre radio- og fjernsyns-program. Tveit tok cand. philol. eksamen ved Universitetet i Oslo i 1973 med musikk som hovudfag, og med barokkens komposisjonsteknikk som spesialfelt. Seinere har han teke organisteksamen ved Agder Musikkonservatorium i 1982 og diplomeksamen i komposisjon ved Norges Musikkhøgskole. I tillegg har han studert ved ei rekkje utdanningsinstitusjonar i USA: I åra 1976 78 tok han korrespondansekurs i arrangering og orkestrering ved Berklee School of Music, Boston. I 1978-79 var han ved Grove School of Music i Hollywood og avla eksamenen “Contemporary Composing and Arranging Program”, samtidig som han tok semesterkurs i musikk med David Raksin ved University of California, Los Angeles. I 1991 hadde han endå eit studieopphald ved Grove School of Music, der han studerte musikk. Sigvald Tveit har vore førsteamanuensis, med hovudansvar for satslære, ved Institutt for Musikk og Teater ved Universitetet i Oslo.
Han har i tilsaman to år vore gjesteprofessor ved ulike universitet i USA. Han har også rokke å ha stilling som organist forskjellige stader i Den
norske kyrkja.